Dette må kanskje vere den mest framoverlente gjengen pensjonistar i heile Noreg. Vi elskar denne gjengen og gledar oss stort til å komme tilbake!

 

 

Destinasjon Måløy KJEM TILBAKE!!

Etter spørsmål og interesse fra fleire hold vil vi presentere turistprosjektet vårt i Parken Kulturhus Raudeberg på arrangementet Heim i Haust lørdag 20. oktober klokka 12:30.

Gruppa har tatt seg fri fra jobb og anna i Oslo for å reise til Måløy for å halde ein open presentasjon om prosjektet.
Vi prioriterer å reise hit fordi vi meiner denne næringa har eit enormt potensiale i Måløy-regionen. Vi håper ein open presentasjon kan bidra til å holde interessen og trykket oppe på denne viktige satsinga, i tillegg til å treffe eit breidt publikum.

Kort om prosjektet:
Prosjektet vart gjennomført av 6 prosjektleiarstudentar over 7 heile veker der vi snakka med alt fra sjefen i NHO-reiseliv, ekspertar, forskarar til mannen i gata og bortimot alle reiselivsaktørar i området. Det vart holdt workshops med heile 50 frammøtte og det skapte stort engasjement blant turistaktørar, butikkar og innbyggarane lokalt.

Turistprosjektet vart ferdigstilt i vår og levert i starten av juni. Destinasjon Måløy har etter prosjektleveransen fått mykje god oppmerksomheit og har blant anna vore inne og presentert for neste års ledertalenter på Emergence School of Leadership, som eit forbilde for gode prosjekt.

Prosjektlederskulen omtalar prosjektet slik; “Prosjektet deres for reiselivsdestinasjonen Måløy, er et av de fineste stykkene arbeid vi har vært borti på lenge. Inspirerende”. (Vi anbefalar alle som ønskar å utvikle seg, lære å lede innovasjonsprosjekt og bli den beste versjonen av seg sjølv, å søke denne skulen.)

Vi har i tillegg blitt kontakta av fleire som er interesserte i å høyre om prosjektet, både skular og andre turistprosjekt.

Eg vart også nyleg oppringt av NRK Sogn og Fjordane og kommenterte der ein reportasje om stormturisme på Kråkenes Fyr. Vi ser at dette bokstaveleg tala er begyndt å komme i vinden no.

Ole Mathiesen, Edvard Iversen og co tok også tak etter prosjektet vårt i vår og skal arrangere fyrdag i november, det er jo heilt strålande!
Denne gjengen står også for arrangementet Heim i Haust i eit heilt nytt, topp moderne kulturhus dei har bygd. Dette må kanskje vere den mest framoverlente gjengen pensjonistar i heile Noreg. Vi elskar denne gjengen og gledar oss stort til å komme tilbake!

Vi er svært glade for ansettelsen av Sissel Wik som ny reiselivs- og bolystkoordinator i Måløy Vekst! Dette kjem til å bli ein viktig ressurs for området og heilt avgjerande for at ein skal lukkast med denne satsinga.

Møt opp i parken kulturhus lørdag 20. oktober kl 12.30 og høyr om Destinasjon Måløy i tillegg til presentasjon av det utruleg spennande Måløy Marine Ressurssenter av Randi Paulsen Humborstad og planene om landbasert oppdrett av OFS Måløy.

DEL GJERNE slik at flest mogleg dukkar opp

Reklamer

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

%d bloggere like this: